|
Verkkatalog
Eit utval av Per H. Indrehus sine tonar og arrangement er gitt ut på Musikk-Husets Forlag A/S. Klikk her for å søkja etter "indrehus" og få opp ei fullstendig oversikt. Mange av komposisjonane hans er endå ikkje gjeve ut på forlag. Det gjeld mellom anna melodiar til dikt av Olav H. Hauge, Arvid Hanssen, Hans Børli, Per Sivle, Tor Jonsson, Jakob Sande, Erik Bye, André Bjerke, Tarjei Vesaas, Ingjald Bolstad, Johan Fjellby, Ingvar Moe, Knut Hamsun, Knut Horvei, Rolf Jacobsen, Inger Hagerup, Signe Seim og Magne Myhra. Me har utarbeidd ein verkkatalog som du kan søkja i nedanfor. Er du elles på leit etter melodiar eller arrangement som du meiner er Per sine, er det berre å sende ein epost med førespurnad så skal me svare etter beste evne. |